Brimi sæter

Neste

Sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj i BrimiSkogen

Helgene 3. – 5. juni 2022 og 30.09 – 2.10  2022 byr vi på helgepakke med smak av gamalt sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj i BrimiSkogen! I samarbeid med vår gode nabo, Brimi fjellstugu.

På desse unike helgene til fjells får du sjølv bestemme om du ynskjer å bu på Brimi Sæter eller på Brimi fjellstugu som ligg eit steinkast frå kvarandre. Etter innlosjering og ei triveleg stund framfor peisen eller på låven med noko godt i glaset, ruslar vi over setervollen og bort til naboen (anten Brimi Sæter eller Brimi Fjellstugu – alt ettersom kvar du bur) for ein flott kveld i triveleg lag.

Laurdag blir det lang frukost før turen går utomhus. Kjentmann rusler og viser veg på ein liten fjelltur som endar opp i BrimiSkogen. Her blir det servert ein 3-retters utelunsj tillaga på bålet, og servert samen med eit knippe gode skrøner frå fjern og nær.

Kvelden nyt vi heime sjå oss sjølve, med god mat og drikke med tilhøyrande historie. På sundag ventar ein ekstra lang sundagsfrukost før utsjekk og avreise.

«Skråpå-tå» meny på Brimi Sæter

Brimi Sæter byr på ein kveld med unik historieformidling og 4-retters «Skråpå-tå» meny oppe på låven. På heimsmidde bordgrillar blir eigenprodusert ost smelta saman med mange gode smakar frå eigne husdyr. Ei spesiell og stemningsfull oppleving rundt langbordet på låven.

 

Tradisjonell fjellstugu-meny på Brimi Fjellstugu

På Brimi Fjellstugu er det fyr i peisen og panorama utsikt over fjellheimen. Historia kring staden får du servert som «fyrste» rett, etterfulgt av 4-retters tradisjonell fjellstugu-meny med smakar frå fjellet. Reinsdyrfilèt og ørret som hovudsete.

Les meir om programmet og pris her

( For forespørsel der dykk ynskjer overnatting på setra, ta kontakt med oss via vårt eiga kontaktskjema)

Frå gjesteboka

  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo