Brimi sæter

Neste

Vår og haustopphold

Vår og haustsesong byr vi i 2022 på ei pakke på helg:


Vår/ haustpakke på Brimi sæter

Du får:

  • Overnatting frå fredag til sundag
  • Inkl oppredd seng/ hånkle
  • Inkl frokost laurdag og sundag
  • Vaffel og kaffe etter ankomst fredag ettermiddag
  • 3- retters middag fredag kveld kl 20.
  • Lunsjbuffet mellom 13 og 15 laurdag inkl kaffe med «någgå godt attåt»
  • Signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå meny laurdag kveld kl 19.

Personpris kr 3495,-

(Ca halv pris på helgepakke for barn under 12 år)
Prisen er eks drikke.

 

Link til meir info om dei ulike overnattingsalternativa vi har, finn du her

 


Generell info:

  • Desse prisane gjeld ved 2 pers pr. rom i seterhus ( og ystloftet)  eller ein brisk oppe på låven. Ved ynskje om enkeltrom: +500 kr per helg
  • Vi leier ut rom for rom i 3 ulike seterhus, i tillegg til brisk for brisk, oppe på låven. + ystloftet på låven.
    Alle i same seterhus / bygning deler bad med toalett/ dusj.
  • Vi serverer alle måltida våre oppe på låven. Det er også i same lokale at dei 9 briskene vi leier ut for overnatting er.
  • Prisane over gjeld dersom vi kan ta inn andre på mat og overnatting og fylle opp brisk/ rom som blir ledig.
  • Ved planar om lengre fjelltur, så kan lunsjen erstattast av god matpakke, og kaffe/te/saft på medbrakt termos.
  • Planar om fjelltur i Jotunheimen, som feks Besseggen eller Galdhøpiggen laurdag?,
    Køyreavstand frå setra til utgangspunkt for nemnde turar er ca +/- 1 time.  (Må bestillast på forhånd via klatreparken)
  • Det er også flott natur rundt setra og anledning til å gå seg ein tur før lunsjen på setra blir servert laurdag. Om det er ynskje om guida tur til eit større følgje, send oss ein forespørsel. Brimiskogen klatrepark ca 2 km frå setra, er også populær aktivitet for mange, liten som stor.
  • Vi har plass til ca 30 pers +/- på overnatting på vår/ haustsesong, fordelt på brisker og rom i seterhus + nokre senger for barn.
    Låven rommar ca 60 pers på matservering, har langbord og utsikt over flott natur via store vindauge.
  • Avbestillingsregler og anna nyttig info, sjå denne linken
  • Lavoane våre på setra leier vi ut kun sommarstid eller rett før ankomstdato, da det er været som bestemmer om desse er på plass eller nede.
  • Ved besøk til setra frå ca 15. september, må ein fylgje med værmelding, og skifte til vinterdekk om nødvendig. Været kan variere.
  • Det er kun denne pakka vi tilbyr vår og hausthelger i 2022. Har du ynskje om kun ei overnatting, kan du booke dette saman med Skråpå-tå meny sommarstid. ca mellom 20. juni  – 20. august, sjå denne linken.Overnatting og pris sommarsesong
  • Vårsesongen vil det ikkje vere dyr på setra og heller ingen aktivitet i ysteriet.
  • Haustsesongen vil det vere dyr og produksjon i ysteriet til rundt midten av september, men dette varierer år til år.

Tilleggsprisar på setra:

Enkeltrom: +500 kr per helg
Hund: 200,- (Ikkje lov i låvebygning)
Andre tillegg, som tur til klatreparken i Brimiskogen, Vianvang,
tur på Galdhøpiggen osv, betalast direkte til aktør.

fjelltur-webkjel-bål-web

 

 

Frå gjesteboka

  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag