JObbe på Brimi sæter?



Vil du vere kokk på Brimi sæter i sumar 2026? 🙂
( 13. april 2026)

Vi søkjer ein matglad kokk som brenn for ekte smakar og lokale/ureiste råvarer!
Er du truverdig, viser rausheit og har vilje til å skape magi på fjellet?
Då vil vi ha deg med på laget!

Vi tilbyr:
• Ein unik arbeidsplass i Jotunheimen
• Gode turnusordningar og konkurransedyktig lønn
• Vi hjelper til med husvære
• Oppstart mellom 15. mai og 15. juni til ca 1-15. sept. 

Det er ein fordel om du har eigen bil.

Lyst på ein sumar utanom det vanlege?

Send oss ein søknad på hans@brimi-seter.no snarast!

Full annonse på NAV

_____________________________________________________________

Brimi Gard & Sæter AS er i utvikling og vi treng heile tida folk. Kanskje det er deg vi ser etter? 🙂

Vi er ei sesongbedrift med omlag 25 tilsette på vaktlista i høgsesong og
5-6 faste gjennom heile året.
Vi har gardsdrift med mjølk og kjøtproduksjon, vi foredlar mest mogleg av råvara sjølve og invitera gjestar til seters for å oppleve noko av det mest genuine norsk landbruk og matkultur har å tilby.

Vi brenn for lokal mat, formidling/historieforteljing og å gje gjestane våre ei oppleving som gjev meining.

Drifta vår er sesongbasert og samansett og fokus vil derfor variere gjennom ulike årstider.


Vi treng med jamne mellomrom:
• Kaféhjelp
• Serveringshjelp
• Budeie
• Kjøkkenhjelp
• Renholdshjelp

(Og positivt om du er ein god kulturformidlar/ spelar på instrument 🙂

Trur du at Brimi sæter kunne passa som arbeidsplass for deg ei stutt eller lenger periode?

Send oss ein søknad da vel 🙂
( Bruk kontaktskjemaet her på nettsida)

Adressa til Brimi Seter er Smørlivegen, 2685 Garmo.

Spekemat
Rom i seterhus
Pakkar med sæterost frå Brimi sæter.
Gris og ku på seterkvea.
Kattunge kosar seg på Brimi sæter
Smelta sæterost på ein av bordgrillene våre.
Ku av gamal kurase på Brimi sæter.
Innsyn i ostkjellaren vår på Brimi sæter.