Brimi sæter

Neste

Seterpakke Sommarsesong

Sommarsesongen på setra byr vi i 2022 på:


1 døgn Seterpakke Brimi sæter

Du får:

  • Signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå meny på kvelden kl 19.
  • Overnatting 1 natt på rom i seterhus, brisk på låven eller  lavo på tunet
  • Inkl oppredd seng/ hånkle
  • Inkl frokost

Pris:

Rom i seterhus eller brisker på låven:
Personpris kr 1645,-

Setersuite eller lavo på tunet:
Personpris kr 2045,-

Barnerabatt utifrå alder
Eks 6-12 år:  Pakkepris frå kr 890,- 

Prisen er eks drikke.

Ekstra tillegg om det trengs ekstra rom til barna.
Vi erstatter skråpå-tå med kjøttkake e.l. og tilbehør, og dessert,  til barn som heller ynskjer dette. Pris er lik.
Dette spør vi om ved bordsetting.

eller

2 døgn Seterpakke Brimi sæter

Du får:

  • 3- retter setermeny ankomstkveld kl 20
  • Overnatting 2 netter på rom i seterhus, brisk på låven eller  lavo på tunet
  • Inkl oppredd seng/ hånkle
  • Inkl 2 frokostar
  • Signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå meny kveld 2,  kl 19.

Pris:

Rom i seterhus eller brisker på låven:
Personpris kr 2990,-

Setersuite eller lavo på tunet:
Personpris kr 3790,-

Barnerabatt utifrå alder
Eks 6-12 år: Pakkepris frå kr 1495,-

Ekstra tillegg om det trengs ekstra rom til barna.
Vi erstatter skråpå-tå med kjøttkake e.l. og tilbehør, og dessert,  til barn som heller ynskjer dette. Pris er lik.
Dette spør vi om ved bordsetting.

Prisen på pakke er eks drikke.

Link til meir info om dei ulike overnattingsalternativa vi har, finn du her»


Generell info:

  • Vi opnar sommarsesongen på setra 24. juni 2022. Og varar til 19. august 2022.
  • Open kafé og seterbutikk kvar dag 11-18.
  • Desse prisane gjeld ved 2 pers pr. rom i seterhus ( og ystloftet)  eller ein brisk oppe på låven. Ved ynskje om enkeltrom kjem tillegg i prisen.
  • Vi leier ut rom for rom i 3 ulike seterhus, i tillegg til brisk for brisk, oppe på låven. + ystloftet på låven.
    Alle i same seterhus / bygning deler bad med toalett/ dusj.
  • Vi prøver å innfri ynskje om rom etter beste evne, men endring kan skje.
  • Du kan ha med hund på alle rom i seterhus og i lavo. Ekstra gebyr for hund, kr 200,-
    Ikkje lov med hund i låvebygning ( brisker og ystloftet).
  • For meir info om frokost/matservering og avbestillingsregler, klikk her
  • Innsjekkingstid for rom er ca etter kl 15.00, utsjekk før kl 11.00 avreisedagen.
  • Vi serverer alle måltida våre oppe på låven. Det er også her, i same rom at dei 9 briskene vi leier ut for overnatting er. Desse har forheng.
  • Felles bordsetting på signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå kl 19 kvar kveld. Bordbestilling.
  • Barna kan velja i skråpå-tå eller 2- retters vanleg barnemeny med kjøttkake og dessert.
  • Har du booka 2 døgnspakke, byr vi på ein 3- retter ankomstkveld kl 20.
  • Endring på valg av dag for skråpå-tå/3- retter kan skje. ( Vi tilpassar utifrå andre gjestar på setra)
  • Planar om fjelltur i Jotunheimen, som feks Besseggen eller Galdhøpiggen?,
    Køyreavstand frå setra til utgangspunkt for nemnde turar er ca +/- 1 time.
  • Det er også flott natur rundt setra og høve til å gå seg ein fin fjelltur .
    Brimiskogen klatrepark ca 2 km frå setra, er også populær aktivitet for mange, liten som stor.
  • Kan bestille/ kjøpe matpakke ved ankomst på setra.
  • Vi har plass til ca 30 pers +/- på overnatting innandørs, fordelt på brisker og rom i seterhus + nokre senger for barn.
    Og har i tillegg 3 lavo på tunet med plass til 2 v + 2 b i kvar.
  • Overnatting på Brimi sæter er desverre ikkje tilrettelagt for rullestolbrukere.
  • Låven rommar ca 60 pers på matservering, har langbord og utsikt over flott natur via store vindauge. Sommarstid serverer vi også skråpå-tå menyen i glashus ute på setertunet.
  • Dei fleste dyra vil vere på plass når vi startar opp setersesongen. Men været bestemmer, så kan skje at ikkje alle er på plass dei fyrste dagene. Produksjon i ysteriet startar når kyra kjem til fjells.
    Dyra er da på plass heile sommarsesongen. Produksjon i ysteriet (som ein kan fylgje via vindauge på låven) kvar dag heile sommaren
  • Avbestillingsregler og anna nyttig info, sjå denne linken

Tilleggsprisar på setra:

Enkeltrom: tillegg i pris.
Hund: 200,- (Ikkje lov i låvebygning)
Andre tillegg, som tur til klatreparken i Brimiskogen, Vianvang,
tur på Galdhøpiggen osv, betalast direkte til aktør.

 


Ynskjer du 4- retters skråpå-tå ?

Dette er signaturmenyen vår og er inkludert ved all overnatting på Brimi sæter i 2022.

Les meir om skråpå-tå her


Web booking for sommarsesong

Du kan booke 1 eller 2 døgns seterpakke (inkl overnatting og skråpå-tå meny)  direkte her.

Anna info:

  • All overnatting er inkludert oppredd seng og frokost.
  • All overnatting inkluderer 4- retters skråpå-tå meny kl 19 om kvelden.
  • Vi har seterkafé/ seterbutikk 11-18 kvar dag sommarstid. ( Varm mat frå kl 13) Høve til å kjøpe lunsj der.

Har du gåvekort?

  • Les meir om gavekort å bruk av dette her

Frå gjesteboka

  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen
  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo