Ofte stilte spørsmål


Brimi seter er ein litt uvanleg overnattingsstad, så det er Høgst VANLEG om du klør deg i hovudet. Her er vår liste med ofte stilte spørsmål.

OFTE STILTE SPØRSMÅL

mat og drikke


Vi legg til rette for gjestar med matallergiar. Hugs å varsle om dette ved bestilling, og sei frå ved ankomst på setra for alle tilfelle.

Frukost blir servert frå kl 08.30-10.00
Vi set fram ein liten frukostbuffet nede i låven, med ureiste smakar frå setra og andre lokale produsentar.
Du kan sitte oppe på låven, eller kose deg ute på tunet om været tillet det.

Viss vi har ledig plass, kan alle bestille Skråpå-tå meny når vi serverer dette. Sjå «pakkar» i menyen for å enkelt booke dato.
Det løner seg å bestille Skråpå-tå i god tid, da alle som overnattar på setra har denne middagen inkludert i opphaldet sitt.

Skråpå-tå er inkludert i alle opphald vi tilbyr på Brimi Seter og blir servert kl 18:30. Menyen inngår i pakker i vår- og haustsesong. I sommarsesongen serverer vi Skråpå-tå kvar kveld. Laurdagskvelder i vår- og haustsesong er det og ope for å kome eta utan å overnatte, om vi har ledige bord.
Sjekk ut pakker i bookingløysinga!

Gjestar får spørsmål ved innsjekk om det er ynskje om Skråpå-tå for barn, eller vanleg 2-rettars barnemeny. Dette kan til dømes vere kjøttkake med tilbehør og is til dessert, men vil variere.
Alle barnemenyar har lik pris – same om dei et skråpå-tå eller anna barnemeny. Prisen blir fastsett ut ifrå alder.

3-rettars meny vil variere ut ifrå sesong og kva tilgang kjøkkenet har til råvarar frå eigen gard eller andre lokale produsentar.

Ja. Vi har fleire slag raude og kvite vinar, samt musserande. Vårt gode lokaløl Lomb er særs populært, og vi har eit lite utval brennvin.

Under Skråpå-tå menyen tilbyr vi ei vinpakke eller ei ølpakke som er tilpassa menyen. Denne kan dykk legge til i bestilling av pakke eller Skråpå-tå meny i nettbookinga.

Menyen i sæterkafeen kan variere. Fast på menyen er gode nysteikte sætervaflar med heimelaga tilbehør, rømmegraut og speketallerken med ost. Samt gamaldags kjøttsuppe med heimelaga sæterbrød.
Sommarstid kan og pizza dukke opp på menyen.

Vi tek diverre ikkje på oss bryllup, då det er særs krevjande å kombinere med andre tilbod og gjestar på sætra. Plassen strekk diverre ikkje til. Men spør oss gjerne om andre unike lokal i dei romantiske bryllupsbygdene Vågå og Lom!

Tallerkner med mat, klare for å serveres.
Frå eitt av romma vi leier ut på setra.

OFTE STILTE SPØRSMÅL

overnatting


Diverre, på Brimi Seter deler alle gjestar i same husvere på bad/dusj/WC.
I kvart seterhus er det eitt bad. I låven toalett og dusj.

Nokre av romma på Brimi Seter har 1 ekstra soveplass for barn. Setersuita har plass til 2 barn. Lavvoane har og plass til 2 barn. Eiga rom for større familiar har vi diverre ikkje på setra, så løysinga er anten å booke 2 naborom i seterhus, eller sove i briskar oppe på låven.

I så fall kan kanskje eitt av dei 3 seterhusa passe dykk? Eller dei 9 briskane på låven – eventuelt saman med dobbeltrommet Ystloftet på låven for 2 personar?

Vi tilrår at dykk les meir på temasida «Alle overnattingstilbod«. Ver nøye med å sjekke at alle rom i same seterhus er ledige på valgt dato ved nettbooking.

Det er diverre ikkje godt tilrettelagt for rullestolbrukare på Brimi Seter. Årsaken er at det ikkje er lett å få gjort om på gamle seterhus til universiell bruk. Overnatting kan vi difor ikkje tilrå.
Når det gjeld Skråpå-tå menyen, kan dykk sommarstid sitte ute eller ta ibruk låvebrua for å kome inn oppe i serveringslokalet på låven. I så fall fint om du varslar på førehand, slik at vi finn best tilrettelagte plass.
I låvebygninga er det tilrettelagt toalett på bakkenivå.

Innsjekk etter kl 15.
Utsjekk seinast kl 11.
Om rom ikkje er klargjort ved tidleg ankomst sommarstid, så er seterkaféen open. Kos dykk på tunet med noko godt i glaset og på tallerken – eller gå ein tur i flott natur!

Ved ynskje om tidlegare innsjekk vår og haust ber vi om at du tek kontakt med oss på førehand.

Lavvoane ligg kun ute for booking i sommarsesongen. Viss dykk ynskjer å besøke oss utanom sommarsesongen, er lavvoane diverre tatt ned.

Ved fint haustvær kan det hende at lavvoane står oppe nokre dagar ekstra. Vi bookar då inn kun på stutt varsel og kun ved førespurnat på telefon.

Ved all overnatting på Brimi Seter er følgjande inkludert:

> Frukost og oppredd seng med handkle

> Skråpå-tå 4-rettars middag

> Utvask – dykk treng altså ikkje vaske etter dykk eller betale ekstra for dette.

På Setra kosar gjestene våre seg utan å sjå TV. Til grupper som ynskjer framsyning på skjerm har vi prosjektor og lerret som kan nyttast viss det er plass.
I kvart av dei tre sæterhusa står eit kjøleskåp og ein kaffetraktar til felles bruk. Du får og kjøpt kaffe i låvebygninga dagen lang.

Andre spørsmål


Diverre, vi tilbyr kun pakker inkludert oppredd seng, handkle, frukost og middag. Det er ikkje høve til kun overnatting. Sjå elles nettbookinga for ulike typer pakker med overnatting og måltid.

Ved booking av pakkar i nettbookinga tek vi forhåndsbetalt, men ikkje for reservasjon av plass på skråpå-tå.
Avbestillingsreglane og betalingsvilkåra våre finn du under menyen «Overnatting«.

Setra har ladar for elbil med middels effekt. Merk at det er stor pågang på lading frå mange gjester. Det er høve til å lade både i Vågå, Lom og på Lemonsjøen.

Det er ikkje tilrettelagt for parkering med bubilar og campingvognar ved sætra. Men kan du greie deg utan straum så er det fleire som parkerer i området mellom oss og Brimi fjellstugu. Dette er utanfor vår eigedom.

Trivleg at dykk ynskjer å leggje feiringa hos oss! Dykk er sjølvsagt velkomne til å feire dagen her, om vi har ledig plass til alle. Merk at det likevel er pakkene vi tilbyr på valgt dato som gjeld. Så sjekk nettbookinga eller ta kontakt.

Vi tilbyr forskjellige pakkar i dei ulike sesongane våre.
i 2023 er det kun sommarsesong at det kan bookast for ei natt på helg. Vår- og haustsesong tilbyr vi nå kun opphold frå fredag til sundag.
Merk at vår og haust kan det og bli lagt ut booking for 1 natt inkludert Skråpå-tå meny på spesifikke datoar på midtveke, så sjekk ut nettbookinga.

Du står fritt til å booke kva pakke du vil. Summen som står på gavekortet blir så trekt frå ordren ved utsjekk og avreise på setra.

Har du fått gåvekort på 1 natt inkludert Skråpå-tå meny, så tilbyr vi i 2023 dette kun i sommarsesongen. Gåvekortet kan like fullt nyttast til å betale delar av helgepakke eller anna temapakke.

Diverre. Brimi sæter har stengt vinterstid fram til midt i mai månad. Merk at vi serverar julevri på Skråpå-tå menyen vår 2 helger i advent. Desse blir lagt ut i nettbookinga.

Ja. Brimi Seter har gratis wifi for gjestar, spør om kode i resepsjon. Ikkje sikkert det er like gode signal i alle hus, men signala er gode oppe på låven.

Blåklokker i nydelege blåfargar.

ikkje funne svar på det du UNDRA på?

Send oss ei melding i kontaktskjemaet

Spekemat
senger på eitt rom på setra
Pakkar med sæterost du kan kjøpe i seterbutikken.
Gris og ku på seterkvea.
Nett kattunge på setra.
Smelta sæterost på ein av bordgrillane våre.
Innsyn i ostkjellaren vår.
Ku av gamal kurase, som vi har mange av på Brimi sæter.