Brimi sæter

Neste

Velkomme til Brimi sæter 2021

Ta ein titt i infoheftet, og sjå kva du kan oppleve på Brimi sæter.
(Last ned på maskina/ mobilen, for betre visning)
Skroll nedover denne nettsida, og klikk deg inn på kvart tema, om du ynskjer meir info.

Haust  2021

Vi tilbyr helgepakkar kvar helg til ut oktober.
Skråpå-tå meny både fredagar og laurdagar same periode.
(Ved besøk til setra frå ca 15. september, må ein fylgje med på værmelding i området, ( søk på Brimi fjellstugu i yr) og skifte til vinterdekk om nødvendig.)

Firmapakkar eller opphold for grupper også på midtveke. Ta kontakt.

For bildeinspirasjon frå setra og info om bl.a. vegbeskrivelse, sjå google. klikk her

Brimi sæter er også eit flott utgangspunkt for fjelltur på Besseggen, Galdhøpiggen eller Glittertind.
Vi ligg ca +/- 1 times biltur til startpunkt for kvar av desse.

For english info, click here

Velkome til ekte seterliv ved Jotunheimen!

Vi tek smittevernreglane på alvor og har innført tiltak ifht. Covid-19.
Vi ynskjer deg velkomen til oss på setra i haust, frisk og symptomfri!

Vi tilbyr

  • Velkomen til Brimi sæter

    Tradisjonen tro, tar vi kvar sommar med oss dyra til seters i sjølvaste Jotunheimen.
    Her har vi realisert draumen om det gode liv – ein idyll vi ynskjer å dele med deg. Generell info /avbestillingsregler finn du her.

  • 4- retters skråpå-tå meny

    Be med deg familie, kollegaer eller gode vener på 4- retters "skråpå-tå" på Brimi sæter.
    Vi serverer denne kvar kveld kl 19.00 sommarstid og helger vår og haust. Det lønar seg og forhåndsbestille plass.

  • Vår og haustopphold

    Brimi sæter er ein populær plass for ein helgetur med gode kollegaer, vennegjeng eller familiesamankomstar.
    Her kan du lese meir om helgepakkene våre og besøk på vår/ haust.

  • Førjulsstemning og julevri på skråpå-tå

    Fredag 26. november og laurdag 27. november
    og fredag 03. desember og laurdag 04. desember
    kan vi igjen friste med julepreg på vår unike og spesielle 4- retters skråpå-tå meny.

  • 2022: Sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj i BrimiSkogen

    Helgene 3. - 6. juni 2022 og 30.09 - 2.10  2022 byr vi på helgepakke med smak av gamalt sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj i BrimiSkogen! I samarbeid med vår gode nabo, Brimi fjellstugu. Klikk for meire info.

  • Sæterkafe´- og butikk

    Seterkafé og seterbutikken opnar vi måndag 21. juni og denne vil vera open kvar dag mellom 11.00 og 18.00 fram til 21. august. Haust: Laurdagar og Sundagar frå kl 11-16 til midten av september.

  • Sjå korleis sæterosten blir til

    I det moderne ysteriet vårt på setra lagar vi rømme, smør, kjuke (pultost) og kvitost.
    Du kan fylgje heile prosessen via store vindauge på låven.

  • Dyr på tunet

    Alle dyra på setra er viktige for oss, og kvar enkelt fortener å leve eit godt liv. På setra får dei god plass, frisk luft og godt stell. Du er velkomen til å helse på mange av dei!

  • Dagar for minneboka

    Brimi Sæter er ein stad utanom det vanlege og som passar til mange anledningar; barnedåp, konfirmasjon, 50 -årslag m.m.

  • Seterprodukt

    I sesongen sel vi produkta våre frå setra og i lokalmatbutikkar i Lom og Vågå. Resten av året er vi å treffe på Bondens Marked i Oslo.

  • Historia

    Brimi sæter har vore i tradisjonell drift så lenge folk kan hugse. "Hulderhistorier frå setra er det og. >>

  • Liten «Nettbutikk»

    Det er høve til å handle nokre av Brimi sæter sine produkt på nett. Her vil du også finne fleire typar gavekort for opphold/ måltid på Brimi sæter.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt

Likar du vaflane våre?

Registrer deg for vårt nyhetsbrev, så sender vi oppskrifta til deg.

Ja takk!

Kven er vi?

  • Hans

    Hans er odelsgut på garden Brimi. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef.

  • Ola

    Ola er gift med Hans og er murar av yrke. Ola har lært seg kunsten å yste, og du kan følgje heile ysteprosessen gjennom store vindauge inne på setra.

  • Marit

    Marit er dotter til Ola. Ho er for tida student, men i sommarferien er ho ofte å finne som kafé- og butikkvertinne på Brimi sæter.

Kvar er vi?

Kontakt oss gjerne for bestilling eller andre spørsmål.

Brimi sæter
Smørlivegen
2685 Garmo

booking[a]brimi-seter.no
tlf: (+47) 400 75 153

Velkomen til seters!
Helsing Marit, Ola og Hans og resten av gjengen på Brimi sæter

Frå gjesteboka

  • Her finner vi ro – med dyrene, stillheten, vakker natur og et vertskap som er gjestfrie og tar imot oss med varme og lun humor. Etter utmerket overnatting på låven og en lang og god frokost ute i nydelig sommervær, er vi klare til å reise hjem.

    Anne og Per, Trøndelag
  • Det var et lite eventyr å få sove her i briskene på låven. Og "Skråppå tå"-menyen var helt nydelig. Et supert sted for barn. Nå er det i hvert fall to bybarn mindre, som tror at melken kommer fra kartongene. Takk for oss!

    Familie, Oslo
  • Fantastisk matopplevelse! Har spist oss «stinne» på fantastisk god mat! «Skråppå tå» var imponerende. Vi ønsker dere alle lykke til videre med dette flotte stedet! Dette skal anbefales, og vi kommer tilbake!

    Marit, Bergen