juleSkråpå-tå
HYLLEST TIL VINTERLEGO | fem RETTAR
Kring heimsmidde bordgrillar og langbord på låveloftet byr Juleskråpå-tå på ei stemningsfull og smaksrik oppleving å kome i høgtidsstemning av. Vi smeltar vår eigen ost, og bordgrillar med mange gode smakar frå våre eigne beitedyr. Historier frå setra fortald av Hans eller Ola høyrer med. Skråpå-tå meny er til vanleg 4- retter, og denne kan du lese meir om her. Under Juleskråpå-tå vil tilbehøret vere meir julerelatert, og vi serverer velkomstdrink og ein ami med julesmakar i tillegg.
Eit sosialt og særprega måltid vi vonar du vil minnast til langt over jul.
Overnatte?
Velkommen til ei triveleg førjulstid på Brimi sæter! Nyt gode stunder saman med gode vener!
Vi serverer ein 5-retters «Jule-skråpå tå meny» med julepreg kl. 18.30. Denne er inkludert velkomstdrink.
Kos deg med ein sosial kveld i hyggeleg lag, gjerne med noko godt i glaset, og avslutt kvelden i ei av dei gode sengene våre på setra. God seterfrokost med mykje godt heimelaga før heimveg.
Pakkepris for overnatting, inkl oppredd seng, frokost og 5- retters skråp-tå meny inkl velkomstdrink: Kr 1945 per pers.
HYllest til
Vinterlego
Vinterlego – den særskilde tradisjonen med vintersetring – var meir vanleg i Vågå enn nokon annan stad og heldt seg fram til 1930-åra. Det var mykje enklare å flytte til setra med buskapen midtvinters enn å kjøre den lange vegen heim med fôret. Seterfolket reiste til fjells med dyra i fyrste halvdel av november og var der til ut i februar. Derimellom feira dei jul på setra.
Juleskråpå-tå blir servert desse adventskveldane kl 18:30. Bordbestilling.
Fredag 22. og laurdag 23. november
Fredag 29. og laurdag 30. november
Fredag 6. desember
JULEMENY
LOKALT BRYGG
Munngodt vart gardsølet gjerne kalla i gamle Gudbrandsdalen. Gjæra drikk høyrde med til det daglege brød, og mest kvar større gard brygga sitt eige øl og sterkare brygg. I dag er vi så heldige å ha handverksbryggeri i heimbygda Lom og brenneri i nabobygda Vågå.
Søte lokale druer må du leite lenger etter – men vi komponerar vinpakker som står godt til lokale smaker til alle måltid.
Juleskråpå-tå inkluderer velkomstdrink.
Under middagen:
Kulturformidling og feleslått
Musikk og muntleg historieforteljing høyrer seterkulturen til. På Brimi Seter er det sjølve identiteta – og lite set ein i julestemning som toner inspirert av fjellheimen.
Det var bestefar Hans W Brimi som tok initiativ til å vise fram setra og livet på setra til turistar og gjester. Hans fortalte gjestene om å vere gjetargut, om det viktige arbeidet budeia gjorde for garden – og om huldra. Vi såg at dei gripande historiene, i kombinasjon med feleslåttar, gjorde inntrykk på både yngre og eldre. Dette har vi tatt tak i og freista utvikle vidare – med bestefar Hans som eit stort førebilete og inspirasjon for både toner og historieforteljing.
Pris:
Kr 975 pr pers inkl velkomstdrink
( Eks drikke til maten)
Velkomen til ei triveleg førjulstid på setra!
Avbestillingsregler Skråpå-tå