Vertskapet på Brimi seter
Livet på setra er tett samspel og godt lagarbeid. Frå gamalt av var setra samlingsplass for ungdom og evigung, budeier og spelemann, slåttekarar og underjordiske – og like livleg er faktisk setra i dag.
På Brimi Seter er vi heldige som kvar sommar har eit utruleg godt lag av dyktig og driftig lokal ungdom i sving for å före både folk og fe. Slik blir seterkulturen ført vidare til nye generasjonar, mange av dei ivrige formidlarar av kulturarven i ord og toner. Gle deg!
Hans og Ola
Hans Brimi og Ola Tangvik er vertskap på Brimi Seter. Hans er odelsgut på heimgarden vår, Brimi i Lom. Kokk av yrke, og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. I og med at bestefar og namnebror Hans W. var spelemann, fann Hans og naturleg fela. Folkemusikken har alltid vore ein viktig del av seterlivet på Brimi – og er det den dag i dag.
Ola var tidlegare gift med Hans og er murar av yrke. Ola har vore byggmeister for dei nye prosjekta på Brimi seter. Han har lært seg kunsten å yste, og på setra kan du følgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager.
Kor storfelt det er å ha eit rike som dette. Her finn ein alt. Rik natur og eit miljø som byggjer på tradisjonar, for ikkje å gløyme den freda ein kjenner både inne i seg og kring seg. Nettopp her får ein opp augo. Lat meg så få ynskja at seterstulen er liv laga, og at vi med liv og helse kan få gleda oss i lang tid over denne rikdomen.