Sov godt i seterseng

Mett av inntrykk og Skråpå-tå meny om kvelden. Leggje seg i oppreidd seterseng, sove djupt i fjellufta for så å vakne til frukost med mykje godt og heimlaga, til lyden av mjølkestellet. Seterovernatting i Lom og Jotunheimen er eksotisk og sann bot for sjela!

Som gjest på Brimi Seter legg du kvardagen vekk. Nyt sutalaus søvn mellom århundregamle tømmerveggar fulle av historier og levd liv.

Seterovernatting for kvar smak

På Brimi Seter er sjølv søvnen ei oppleving.

2 seperate gamle senger på eitt av romma som vi leier ut på setra.

rom i
seterhus

La århundregamle tømmerveggar sette stemninga for både søvnen og dagen på sætra.
Vi leier ut rom for rom.

Brisk på låven.

brisker
på låveLOFTET

Særprega og stemningsfull overnatting i seterbriskar med både frukost og middag servert omtrent på sengekanten.

2 lavoar på setertunet, med flott utsikt til tessevatnet.

lavVo
på SeTERtunet

Nyt lyse netter på Brimi i glampingtelt på sætertunet. Passar fint for familie.
Kun i sommarsesong.

All overnatting inkluderer 4-rettars Skråppå-ta meny

Alle gjestar deler bad og dusj.

All overnatting er inkludert oppredd seng, sæterfrukost
og 4-rettars Skråpå-tå meny

Det er tillat med hund på rom i sæterhus, og i lavvo, men ikkje på brisker eller Ystloftet på låven. Ved nettbooking får du med val, og kan booke med hund som tillegg, i alternativa der hund er tillatt.

I sommarsesongen tilbyr vi pakkar for eitt eller to døgn.

I helgene vår- og haust tilbyr vi 2-døgnspakker.

1 døgnspakke midtveke kan og bli satt opp i periodar
– sjekk nettbooking.

Nettbooking

FIKS FERDIGE PAKKER!

Overnatting på rom i seterhus


Embjørgstugu
Fire separate rom

Embjørgstugu

Seterstugu oppkalla etter Embjørg – legendarisk budeie på Brimi Seter som vart tildelt Kongens Fortenestemedalje og var ein viktig mentor for oss.

  • Triveleg seterstugu inntil tunet på Brimi
  • Kjøkenkrok i gangen til felles bruk
  • Felles bad med dusj og toalett
  • Fin møblert uteplatting
  • All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag

Heile Embjørgstugu har plass til totalt 8 personar fordelt på fire rom+ fire barn på ekstrasenger
Sjekk at alle 4 rom er ledige ved booking

Les meir om dei FIRE romma i Embjørgstugu:


Frå setersuita i Embjørgstugu.

Embjørgstugu:

SÆtersuita

Kosleg laftarom med peis og dobbeltseng. Hjørnesjeselong med plass til 1-2 barn og spisebord. Opprinneleg peisstugu i seterhuset.

SENGER til:

2 personar
+ 1-2 bARN

Senga på rommet Ilva i Embjørgstugu.

Embjørgstugu:

Ilva

Dobbeltseng som ved behov kan flyttast til to enkeltsenger.
Sovestol på rommet kan «slås ut» til soveseng for eitt barn.

SENGER til:

2 personar
+ 1 bARN

Sengene på rommet Ærløken i Embjørgstugu.

Embjørgstugu:

Ærløken

Dobbeltseng som ved behov kan flyttast til to enkeltsenger.
Sovestol på rommet kan «slås ut» til soveseng for eitt barn.

SENGER til:

2 personar
+ 1 bARN

Rommet Torfinna i Embjørgstugu.

Embjørgstugu:

Torfinna

Lite laftarom med to enkeltsenger.

Ikkje plass til ekstra seng.

SENGER til:

2 personar

TRE SEPARATE ROM

LYNGVEDSTUGU

Lyngvedstugu er eit kosleg restaurert seterhus. Peisstugu med kjøkenkrok og felles bad med dusj til bruk for gjestar i Lyngvedstugu. Ligg 100 meter frå setertunet vårt. 

  • Alle gjestar i seterhuset deler eitt bad med dusj
  • All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle,  seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag

Lyngvedstugu har plass til totalt 6 personar fordelt på tre rom,
+ 1-2 barn på ekstrasenger (den eine babyseng)

(Sjekk at alle 3 rom er ledige ved booking)

Les meir om DEI TRE romma i Lyngvedstugu:


sengene på rommet Borghild i Lyngvedstugu.

Lyngvedstugu:

Borghild

Laftarom med 2 gamle enkeltsenger. Ikkje plass til ekstraseng.

SENGER til:

2 personar

sengene på rommet Ole i Lyngvedstugu, her er det familiekøye.

Lyngvedstugu:

Ole

Lite laftarom med familiekøye 120 cm underkøye /75 cm overkøye

SENGER til:

2 personar
+ 1 bARN

Dobbeltseng på rommet Georg i Lyngvedstugu.

Lyngvedstugu:

Georg

Rom med dobbeltseng
Lita baby/barneseng på rommet.

SENGER til:

2 personar
+ 1 baby

TRE SEPARATE rom

Veslestugu

Veslestugu er eit kosleg restaurert seterhus med tre små soverom utan plass til ekstrasenger. Peisstugu, kjøken og felles bad med dusj til bruk for alle gjester i Veslestugu. Ligg 50 meter frå setertunet vårt. 

  • Gjestar i same seterhus deler eitt bad med dusj
  • Peisstugu og terrasseplatting til felles bruk
  • Ekstra seng på kjøkenet til leie når ei samla gruppe leiger alle rom i huset
  • All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag

Sengeplass til totalt 7 personar fordelt på 3 rom + 1 barn på ekstrasenger.

Ekstra seng på kjøkenet til leie når ei samla gruppe leiger alle rom i huset

(Sjekk at alle 3 rom (+ kjøkenseng) er ledig ved booking)

Les meir om dei TRE romma i Veslestugu:


Rommet Amanda i Veslestugu, eit lite rom med 2 seperate senger.

Veslestugu:

Amanda

Lite rom med to enkeltsenger.

Plass til:

2 personar

Rommet Andrea i Veslestugu, eit lite rom med 2 seperate senger.

veslestugu:

Andrea

Lite rom med to enkeltsenger.

Plass til:

2 personar

Rommet Ingunn i Veslestugu, eit lite rom med familiekøye.

veslestugu:

Ingunn

Lite laftarom med familieseng 120 cm underkøye og 75 m overkøye.

SENGER til:

2 personar
+ 1 barn

Overnatting i brisk på låven og ystloftet


Vi har 9 brisker på låven og leier ut desse enkeltvis «brisk for brisk»

I tillegg har låven 1 dobbeltrom for 2 personar kalla Ystloftet.

Plass til totalt 11 personar i låven fordelt på 9 briskar + dobbeltrom Ystloftet

Merk: Sjekk at alle 9 briskar og evt tosengsrommet Ystloftet (som og er oppe på låven) er ledig ved booking.

9 ENKELTSENGER med forheng

brisker på låven

I sengebrisk oppe på låveloftet sovnar du i breie, mjuke senger og vaknar til godlydane frå morgonstellet i fjøset rett under deg. Finn deg ein kaffekopp, kryp under dyna att og la kubjellene sette deg i seterstemning. Ei unik og sosial oppleving.

  • Gode 120 cm madrassar i brisk med forheng
  • Rimelegare enn enkeltrom
  • Bad med dusj og toalett ned tråppa i etasja under
  • Vi leier ut senger brisk for brisk. Dette betyr at du søv i same store loftsrom som inntil åtte andre gjestar – men bak eige forheng (sjå bilete).
  • Ved langbordet midt i loftsrommet som på dagtid tener som seterrestaurant, blir det servert seterfrukost og middag til alle gjestar på Brimi Seter.
  • Grunna servering av middag til mange gjestar i lokalet der sengebriskane er, vil det fyrst bli ro nærare kl 23 tida om kvelden.
  • All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag.

2-sengsrom på låveLOFTET:

Ystloftet

  • Trivleg lite rom over sæterysteriet, vegg i vegg med låverestauranten
  • To gamle enkeltsenger
  • Ikkje plass til ekstraseng
  • Felles bad med dusj og toalett ned tråppa i etasja under
  • All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle,  seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag

Plass til totalt 11 personar på låveloftet fordelt på 9 sengebriskar + tosengsrom Ystloftet.

Sjekk at alle 9 brisker og eventuelt Ystloftet er ledig ved booking. Velkomen til seterovernatting i Lom!

Overnatting i lavVo på setertunet


I skuleferien tilbyr vi overnatting i tre lavvoar på Brimi Seter – opplev seterovernatting i Lom!

fint for familiEN

lavVo på setertunet

Lavooane på tunet byr på seterkomfort med både tregolv, straum og gode senger. Frå lavvoopninga har du utsikt mot kyrne på kvea og fjellvatnet Tesse. Kanskje er det hanen som vekkjer deg når seterdagen byrjar. 

  • 2 gode rammemadrassar i kvar lavvo.
  • Plass til 1 til 2 ekstramadrassar på golvet for barn.
  • Felles bad med dusj og toalett i hovudbygningen rett ved.
  • Grunna dyr som går ute ved setra og lavvoane, kan lydar forekomme på netene.
  • Lavvoane er tilgjengelege kun i sommarsesong.
  • All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag.

Kontakt oss gjerne for
bestilling eller spørsmål

Brimi Seter
Smørlivegen | 2685 Garmo
Tlf (+47) 400 75 153

Velkomen til seterovernatting i Lom!
Helsing Hans, Ola og resten av setergjengen på Brimi

LENGRE OPPHALD ELLER VINTEREVENTYR?

Brimi Seter tilbyr 1-døgn og 2-døgnspakker på sommaren, og 2-døgnspakker på vår og haust. Vinterstid held vi stengt. Vil du bu fleire dagar i Jotunheimen, vitje nokre av våre naboar i tillegg på turen, eller opplev fjellheimen vinterstid. Sjekk ut desse destinasjonssidene for gode tips: