Sov godt i seterseng
Mett av inntrykk og Skråpå-tå meny om kvelden. Leggje seg i oppreidd seterseng, sove djupt i fjellufta for så å vakne til frukost med mykje godt og heimlaga, til lyden av mjølkestellet. Seterovernatting i Lom og Jotunheimen er eksotisk og sann bot for sjela!
Som gjest på Brimi Seter legg du kvardagen vekk. Nyt sutalaus søvn mellom århundregamle tømmerveggar fulle av historier og levd liv.
Seterovernatting for kvar smak
På Brimi Seter er sjølv søvnen ei oppleving.
rom i
seterhus
La århundregamle tømmerveggar sette stemninga for både søvnen og dagen på sætra.
Vi leier ut rom for rom.
brisker
på låveLOFTET
Særprega og stemningsfull overnatting i seterbriskar med både frukost og middag servert omtrent på sengekanten.
lavVo
på SeTERtunet
Nyt lyse netter på Brimi i glampingtelt på sætertunet. Passar fint for familie.
Kun i sommarsesong.
Nettbooking
FIKS FERDIGE PAKKER!
Overnatting på rom i seterhus
Embjørgstugu
Fire separate rom
Embjørgstugu
Seterstugu oppkalla etter Embjørg – legendarisk budeie på Brimi Seter som vart tildelt Kongens Fortenestemedalje og var ein viktig mentor for oss.
- Triveleg seterstugu inntil tunet på Brimi
- Kjøkenkrok i gangen til felles bruk
- Felles bad med dusj og toalett
- Fin møblert uteplatting
- All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag
Les meir om dei FIRE romma i Embjørgstugu:
TRE SEPARATE ROM
LYNGVEDSTUGU
Lyngvedstugu er eit kosleg restaurert seterhus. Peisstugu med kjøkenkrok og felles bad med dusj til bruk for gjestar i Lyngvedstugu. Ligg 100 meter frå setertunet vårt.
- Alle gjestar i seterhuset deler eitt bad med dusj
- All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag
Les meir om DEI TRE romma i Lyngvedstugu:
TRE SEPARATE rom
Veslestugu
Veslestugu er eit kosleg restaurert seterhus med tre små soverom utan plass til ekstrasenger. Peisstugu, kjøken og felles bad med dusj til bruk for alle gjester i Veslestugu. Ligg 50 meter frå setertunet vårt.
- Gjestar i same seterhus deler eitt bad med dusj
- Peisstugu og terrasseplatting til felles bruk
- Ekstra seng på kjøkenet til leie når ei samla gruppe leiger alle rom i huset
- All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag
Les meir om dei TRE romma i Veslestugu:
Overnatting i brisk på låven og ystloftet
Vi har 9 brisker på låven og leier ut desse enkeltvis «brisk for brisk»
I tillegg har låven 1 dobbeltrom for 2 personar kalla Ystloftet.
9 ENKELTSENGER med forheng
brisker på låven
I sengebrisk oppe på låveloftet sovnar du i breie, mjuke senger og vaknar til godlydane frå morgonstellet i fjøset rett under deg. Finn deg ein kaffekopp, kryp under dyna att og la kubjellene sette deg i seterstemning. Ei unik og sosial oppleving.
- Gode 120 cm madrassar i brisk med forheng
- Rimelegare enn enkeltrom
- Bad med dusj og toalett ned tråppa i etasja under
- Vi leier ut senger brisk for brisk. Dette betyr at du søv i same store loftsrom som inntil åtte andre gjestar – men bak eige forheng (sjå bilete).
- Ved langbordet midt i loftsrommet som på dagtid tener som seterrestaurant, blir det servert seterfrukost og middag til alle gjestar på Brimi Seter.
- Grunna servering av middag til mange gjestar i lokalet der sengebriskane er, vil det fyrst bli ro nærare kl 23 tida om kvelden.
- All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag.
2-sengsrom på låveLOFTET:
Ystloftet
- Trivleg lite rom over sæterysteriet, vegg i vegg med låverestauranten
- To gamle enkeltsenger
- Ikkje plass til ekstraseng
- Felles bad med dusj og toalett ned tråppa i etasja under
- All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag
Overnatting i lavVo på setertunet
I skuleferien tilbyr vi overnatting i tre lavvoar på Brimi Seter – opplev seterovernatting i Lom!
fint for familiEN
lavVo på setertunet
Lavooane på tunet byr på seterkomfort med både tregolv, straum og gode senger. Frå lavvoopninga har du utsikt mot kyrne på kvea og fjellvatnet Tesse. Kanskje er det hanen som vekkjer deg når seterdagen byrjar.
- 2 gode rammemadrassar i kvar lavvo.
- Plass til 1 til 2 ekstramadrassar på golvet for barn.
- Felles bad med dusj og toalett i hovudbygningen rett ved.
- Grunna dyr som går ute ved setra og lavvoane, kan lydar forekomme på netene.
- Lavvoane er tilgjengelege kun i sommarsesong.
- All overnatting er inkludert oppredd seng og handkle, seterfrukost og 4-rettars Skråpå-tå middag.
Kontakt oss gjerne for
bestilling eller spørsmål
Brimi Seter
Smørlivegen | 2685 Garmo
Tlf (+47) 400 75 153
Velkomen til seterovernatting i Lom!
Helsing Hans, Ola og resten av setergjengen på Brimi
LENGRE OPPHALD ELLER VINTEREVENTYR?
Brimi Seter tilbyr 1-døgn og 2-døgnspakker på sommaren, og 2-døgnspakker på vår og haust. Vinterstid held vi stengt. Vil du bu fleire dagar i Jotunheimen, vitje nokre av våre naboar i tillegg på turen, eller opplev fjellheimen vinterstid. Sjekk ut desse destinasjonssidene for gode tips: